page view image

Katinka Alme Band - til inntekt for Jazzplaneten!

Katinka Alme Band har gravd i låtgodteposen, som stadig blir fylt på, og leita fram heilt nye takter etter albumet "Sirkus". To av bandets 4 medlemmar sit i styret i Jazzplaneten og kveldens konsert er difor til inntek for Jazzplaneten og alle billettinnteker går til klubben sitt arbeid.

Information
event image

Katinka Alme Band er Kyrre Kittang Reiakvam på tenorsaksofon, Erik Packer på piano, Katinka Alme på kontrabass, og Nikolai Norevik Myklebust på trommer. Saman blandar dei saumlaust tradisjonell jazz, folkemusikk, gospel, modal, samtidsjazz og meir inn i sine originale komposisjonar. Dei fleste stykka er laga av pianisten Erik Packer, men det vil også vere komposisjonar frå saksofonisten Kyrre Kittang Reiakvam denne gangen. 

jazz